61 «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.
62 Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.
63 Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,
64 men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud.
65 Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt.
66 Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.
67 Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa: