65 Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt.
66 Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.
67 Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:
68 «Velsigna er Herren, Israels Gud,for han såg til sitt folk og har løyst det.
69 Han har reist for oss eit horn til frelsei sin tenar Davids hus,
70 så som han lova frå gammal tidved munnen til sine heilage profetar:
71 å frelsa oss frå våre fiendarog frå handa åt alle dei som hatar oss.