11 ‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’
12 Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13 Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.
14 Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
15 Og du, Kapernaum – skal du bli opphøgd like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned!
16 Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.»
17 Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»