26 «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?»
27 Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»
28 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»
29 Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»
30 Jesus tok dette opp og sa:«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
31 Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.
32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.