35 Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
36 Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»
37 «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han {{i heimen sin.}}
39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.
40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»
41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.