8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!
9 Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’
10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:
11 ‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’
12 Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13 Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.
14 Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.