1 Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, slik Johannes lærte sine læresveinar.»
2 Han svara: «Når de bed, skal de seia:Far!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.
3 Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.
4 Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.Og lat oss ikkje koma i freisting.»
5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød!
6 Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’