10 For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk,
12 eller gjev han ein skorpion når han bed om egg?
13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»
14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.
15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»
16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han.