14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.
15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»
16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han.
17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:«Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman.
18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.
19 Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.
20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.