2 Han svara: «Når de bed, skal de seia:Far!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.
3 Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.
4 Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.Og lat oss ikkje koma i freisting.»
5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød!
6 Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’
7 Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’
8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det for venskap skuld, så står han i det minste opp fordi han er så pågåande, og lèt han få alt han treng.