20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.
21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred.
22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet.
23 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
24 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’
25 Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta.
26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»