24 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’
25 Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta.
26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»
27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.»
28 Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»
29 Då no folket flokka seg om han, tok han atter til orde:«Denne slekta er ei vond slekt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.
30 For slik Jona vart eit teikn for folket i Ninive, slik skal Menneskesonen bli det for denne slekta.