30 For slik Jona vart eit teikn for folket i Ninive, slik skal Menneskesonen bli det for denne slekta.
31 Dronninga frå landet i sør skal stå fram ved dommen saman med mennene i denne slekta og dømma dei. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!
32 Folk frå Ninive skal stå fram ved dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!
33 Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.
34 Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen.
35 Sjå då til at lyset i deg ikkje er mørker!
36 Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.»