33 Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.
34 Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen.
35 Sjå då til at lyset i deg ikkje er mørker!
36 Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.»
37 Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta heime hos han. Og Jesus gjekk inn og tok plass ved bordet.
38 Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.
39 Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de reingjer utsida av skåler og fat, men på innsida er de griske og fulle av vondskap.