37 Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta heime hos han. Og Jesus gjekk inn og tok plass ved bordet.
38 Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.
39 Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de reingjer utsida av skåler og fat, men på innsida er de griske og fulle av vondskap.
40 Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendig, har ikkje han skapt det som er innvendig òg?
41 Gjev heller det de har i skålene og fata, som gåve til dei fattige. Då blir alt reint for dykk.
42 Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.
43 Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.