41 Gjev heller det de har i skålene og fata, som gåve til dei fattige. Då blir alt reint for dykk.
42 Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.
43 Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.
44 Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og ensar det ikkje.»
45 Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»
46 Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.
47 Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.