43 Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.
44 Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og ensar det ikkje.»
45 Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»
46 Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.
47 Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.
48 Slik er de vitne om det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravminne.
49 Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfølgja.