1 I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira!
2 Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.
3 Difor skal det de seier i mørkret, bli høyrt i lyset, og det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka.
4 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir.