13 Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»
14 Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?»
15 Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»
16 Og han fortalde dei ei likning:«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde,
17 og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi.
18 Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig.
19 Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’