22 Han sa til læresveinane:«Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
23 Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda.
24 Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!
25 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd?
26 Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre?
27 Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
28 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!