26 Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre?
27 Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
28 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
29 Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka.
30 For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette.
31 Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.
32 Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.