38 Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!
39 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.
40 Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41 Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»
42 Herren svara:«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid?
43 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!
44 Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.