48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.
49 Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend!
50 Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført!
51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid.
52 Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre,
53 far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»
54 Til folket sa han:«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik.