50 Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført!
51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid.
52 Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre,
53 far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»
54 Til folket sa han:«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik.
55 Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik.
56 Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?