54 Til folket sa han:«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik.
55 Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik.
56 Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?
57 Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett?
58 Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel.
59 Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»