8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.
9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar.
10 Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving.
11 Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia.
12 For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»
13 Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»
14 Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?»