1 På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra.
2 Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei?
3 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten.
4 Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem?