15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka?
16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»
17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
18 Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med?
19 Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»
20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med?
21 Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»