19 Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»
20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med?
21 Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»
22 Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
23 Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:
24 «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det.
25 Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’