26 Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’
27 Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’
28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor.
29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike.
30 Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»
31 I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.»
32 Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.