28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor.
29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike.
30 Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»
31 I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.»
32 Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.
33 Men i dag og i morgon og endå ein dag må eg vandra vidare, for ein profet kan ikkje mista livet nokon annan stad enn i Jerusalem.
34 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.