3 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten.
4 Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem?
5 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»
6 Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko.
7 Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’
8 ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det;
9 kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»