1 Ein gong var Jesus beden til å eta hos ein farisear som var medlem av Rådet. Det var sabbat, og dei heldt auge med han.
2 Då stod det framfor han ein mann som leid av vatn i kroppen.
3 Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»
4 Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.