12 Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld.
13 Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde.
14 Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde.»
15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»
16 Men Jesus sa til han:«Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.
17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’
18 Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’