15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»
16 Men Jesus sa til han:«Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.
17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’
18 Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’
19 Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’
20 Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’
21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’