18 Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’
19 Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’
20 Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’
21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’
22 Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’
23 Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt.
24 For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»