2 Då stod det framfor han ein mann som leid av vatn i kroppen.
3 Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»
4 Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.
5 Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»
6 Dei kunne ikkje svara på dette.
7 Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning:
8 «Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,