26 «Om nokon kjem til meg utan å setja dette høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, høgare enn sitt eige liv, kan han ikkje vera min læresvein.
27 Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.
28 Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det?
29 For har han lagt grunnmuren og ikkje maktar å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han
30 og seia: ‘Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men han greidde ikkje å fullføra det.’
31 Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då først ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?
32 Og er han ikkje sterk nok, sender han menn av stad og bed om fred medan fienden enno er langt borte.