4 Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.
5 Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»
6 Dei kunne ikkje svara på dette.
7 Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning:
8 «Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,
9 og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast.
10 Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på.