9 og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast.
10 Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på.
11 For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»
12 Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld.
13 Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde.
14 Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde.»
15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»