21 Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’
22 Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.
23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira.
24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans.
26 Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på.
27 ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’