9 Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’
10 På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner.
12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei.
13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.
14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.
15 Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.