1 Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans.
2 Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’
3 Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved.
4 Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’
5 Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’
6 ‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’
7 Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.