17 Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.
18 Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.
20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår.
21 Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.
23 Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.