22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.
23 Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.
24 Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’
25 Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.
26 Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’
27 Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.
28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’