6 ‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’
7 Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.
8 Herren rosa den uheiderlege forvaltaren fordi han hadde handla klokt. For born av denne verda steller seg klokare med kvarandre enn det born av lyset gjer.
9 Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.
10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.
11 Er de ikkje tru når det gjeld den uheiderlege Mammon, kven vil då tru på dykk og gje dykk det som verkeleg er verdt noko?
12 Og viser de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?