1 Han sa til læresveinane sine: «Det må koma forføringar, noko anna er ikkje råd. Men ve den som forføringane kjem ifrå!
2 Det var betre for han å bli kasta i havet med ein møllestein om halsen enn at han skulle lokka ein av desse små til fall.
3 Ta dykk i vare!Syndar bror din, så tal han til rette, og angrar han, så tilgjev han.
4 Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: ‘Eg angrar’, så skal du tilgje han.»
5 Apostlane sa til Herren: «Gjev oss større tru!»
6 Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: ‘Rykk deg opp og slå rot i havet!’ Og det skulle lyda dykk.
7 Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’