1 Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet:
2 «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.
3 I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’
4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske,
5 vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’»