19 Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud!
20 Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.»
21 Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.»
22 Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»
23 Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
24 Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!
25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»