27 Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»
28 Då sa Peter: «Kva så med oss? Vi har gått ifrå alt vårt og følgt deg.»
29 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld
30 utan at han skal få det att mangedobbelt i den tida som no er, og eit evig liv i den verda som kjem.»
31 Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast.
32 Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på,
33 og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»